INNHOLD:
Startsiden
Kristianslund Lederartikler
Nyhetsarkiv
Linker
 
PARTIET ABORT-MOTSTANDERNE
Partiets formål
Partiets grunnvoll
Partiets lover
Ledelse sentralt
Ledelse lokalt
Hvordan bli medlem?
Politisk program
Litteratur
 
Redaksjonen
  
  
Søk i nyhetsarkivet
Mai 2007

Torsdag, Mai 17, 2007

KRISTI HIMMELFARTSDAG OG 17. MAI
1. Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma!

2. Vårt heimland i mørker lenge låg. og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.

3. Og Noreg det ligg vel langt i nord, og vetteren varer lenge,
men ljoset og livet i ditt ord det ingen kan setta stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong, ditt ord heve dog sitt gjenge.

4. så blømde vårt land i ljos og fred, det grodde så grønt i lier,
men atter seig natt på landet ned med trelldom og trange tider.
Og folket det sukka etter ljos, og du lyste opp omsider.

5. Og morgonen rann, og mørket kvarv, som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred, og landet med lov me bygde.

6. Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt¨på hyset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja!

7. No er det i Noreg atter dag med vårsol og song i skogen.
Om sedet enn gror på ymist lag, det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd til groren ein gong er mogen!